Geirr rapporterer fra Larvik: Frå livet i klasse 4

Etter tysdagens dobbelrunde stod eg igjen med 2,5 av 5 poeng, etter å ha tapt siste parti av dobbeltrunden. Onsdagens runde 6 endte også med tap. Begge partia var jamnspelte, men altså smultring i staden for stolpe.

Mitt inntrykk av nivået er at vi matchar kvarandre. Vi blir ikkje overspelt slik som når vi møter folk på meisternivå. Mot slike tapar vi før vi har forstått kva som går føre seg.

Men nivået i klasse 4 er tøft på den måten at du ikkje kan gjera feil utan å bli straffa for det. Du kan ikkje spekulera i at motstandaren ikkje ser det beste trekket. Det fører til jamne, intense, langvarige og spennande parti.

Og det er jo det vi likar som sjakkspelarar.