Innlegg: Tankar om klubbmeisterskap v/ Geirr Alén.

Geirr Alén har skrevet noen fornuftige ord om klubbmesterskap og betenkningstid. Kommentarfeltet er åpent for diskusjon. Vær saklig! -Admin-

Tankar om klubbmeisterskap v/ Geirr Alén.

Vi bør ha tre ulike klubbmeisterskap: Langsjakk, hurtigsjakk og lyn. Det er ikkje sikkert vi får til å avvikla alle tre kvart år, men likevel.

Den offisielle meisterskapen bør vera i langsjakk. Fleire klubbar arrangerer dette over spelekveldar i løpet av våren eller hausten. Det kan vera vrient å få gjennomført når ikkje alle deltakarane kan møta kvar gong, men det finst også ordningar for å få det til. Tenketida bør vera tydelig innafor langsjakktradisjonen, eg føreslår 90+30 som no er vanlig i turneringsspel.

Klubbmeisterskap i hurtigsjakk bør ha tenketid slik at ein kan starta ny runde kvar time. Då kan vi avvikla ei turnering i løpet av ein lang laurdag (føremiddag og ettermiddag med innlagt middagspause), eventuelt laurdag/sundag. Sjølv føreslår eg tenketid på rundt 20-25 minutt, eventuelt 15+12. Å gå ned mot 10 minutt synest eg blir for tett opp til lynsjakk.

Klubbmeisterskap i lynsjakk må kunna avviklast i løpet av ein langkveld. Går ut frå at 5+5 eller 5+3 kan vera aktuell tidsbruk.

Viser elles til oppsettet under Hall of fame-lenka på heimesida.